Ungdom, Overvekt og Sunn Slanking

Essay by FinkenJunior High, 7th grade June 2004

download word file, 3 pages 0.0

Downloaded 14 times

Overvekt er eit aukande problem i samfunnet vårt. Vi trenar mindre og eter meir usunn mat, men samtidig som vi aukar i vekt er det fleire som slankar seg og brukar slankemiddel. Dei siste 20 åra har gjennomsnittsnordmannen auka si vekt med 2,5 kilo. Dette er ikkje så veldig mykje i seg sjølv, men det er ikkje helt jamt fordelt. Det er nokon som har lagt på seg mykje meir enn andre, men for dei fleste er det bare små justeringar i livsstilen som skal til for at ein skal komme tilbake på nivået på 80-tallet.

Ungdommar har eit usunt kosthold. Dei et for mykje "snacks" og drikk for mykje brus. I følgje helsedirektoratet drikk ein gjennomsnittleg 13 åring 0,5 l brus eller saft kvar dag. Dette er ikkje berre feitande, men fører i tillegg til veldig mange andre sjukdommar som er i samband med denne usunne livsstilen. Nokon av konsekvensane som er vanlegast er at ein får diabetes type 2, hjarte- og kar-sjukdommar eller belastningslidelser i knær og hofter, og ikkje minst tannhelseproblema.

Dei fleste av sjukdommane som hjarte- og kar-sjukdommar oppstår etter langvarig overvekt. Slike sjukdommar er ikkje berre relatert til overvekt, men dette gir ein mykje større risiko. I følgje forskarar ved UiO er kvart tredje barn og ungdom overvektig. Amerikanske studiar om overvekt beviser at overvekt er mykje verre enn både røyking og overdriven alkoholbruk. Fedme har 20 års helserisiko, dvs at ein overvektig 30 åring har like stor sjanse for å få hjarte- og kar-sjukdommar som ein normalvektig 50 åring.

Fedme er kostbart for staten, i følgje nyheitsbyrået Reuters auker helseutgiftene til staten med 36% og utgiftene til medisinar med 77 prosent om ein er overvektig. Til samanlikning auker helseutgiftene med 21% og utgifter til medisinar med 28% ved røyking. Dei fleste studiane om overvekt...